Skaffes

Kruken Kristoffer

Personnamnarbeid av P.A. Munch

DKK 477.00 inkl. moms
DKK 381.60 ekskl. moms

ISBN:
9788270998623
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
294
Forlag:
Novus forlag
Udgivelsesdato:
20-10-2016
Udgivelsesår:
2016
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
Historikaren P.A. Munch (1810-63) er mest kjend for det store verket Det norske Folks Historie (1852-63), men han gjorde òg banebrytande arbeid i geografi (med kartografi), etnografi, genealogi, myteforsking, runologi, edisjonsfilologi, norrøn språkvitskap og namnegransking. Arbeida om personnamn (1849, 1854 og 1857) kjem her for første gongen i ei samla utgåve med faghistorisk innleiing, tekstkritiske merknader og register. Tilfanget omfattar over 4000 namn med variantar og gjev eit eineståande utsyn over norsk og germansk namnehistorie. Munch går grundig inn på både etymologi, ordtyding, lagingsmåtar, lydhistorisk utvikling og skriftformer. Siktemålet med artiklane var primært kulturelt og ideologisk, med klåre vurderingar og råd, men Munch la samtidig eit vitskapleg grunnlag av avgjerande verdi for personnamngranskinga i Norden. Med denne utgåva får Munch att sin sjølvsagde plass i faghistoria, og registra gjer det lett å finne kva han seier om dei einskilde namna. Kristoffer Kruken (f. 1950 i Leksvik) er professor i namnegransking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo.
}