På lager

Sunde Jørn Øyrehagen (red.)

Landslova

DKK 1,125.00 inkl. moms
DKK 900.00 ekskl. moms

ISBN:
9788245044041
Sprog:
Norsk bokmål
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
451
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
14-08-2024
Udgivelsesår:
2024
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
Kong Magnus 6. Lagabøters landslov av 1274 var ei stor, politisk driven samfunnsreform gjennom lovgjeving. Landslova var ei stor hending i både norsk og europeisk rettshistorie. Den var éi av berre tre riksdekkjande lovbøker i Europa på 1200-talet, som éi av to riksdekkjande lovbøker som regulerte samfunnet i si fulle breidde, og den einaste riksdekkjande lovboka som faktisk vart brukt. Dermed kom Magnus Lagabøters lovgjeving til å prega politikk, rettsliv og daglegliv i Noreg i 400 år, fram til den vart avløyst av Christian Vs Norske Lov i 1687. Dette gjer Landslova til kanskje det viktigaste dokumentet i norsk historie ved sida av Grunnlova av 1814. I denne antologien vert Landslova av 1274 undersøkt inngåande del for del av fjorten framståande mellomalderforskarar. Dei mange lovreglane vert brukte til å skapa eit bilete av politikk, rettsliv og daglegliv i Noreg på 1200-talet. Fram stig eit bilete av ein fargerik og mangfaldig periode i norsk historie, og av eit samfunn og menneske som på éi og same tid er annleis og attkjennelege i dag.
}