En kort introduksjon til husmansvesenet
DKK
324.00
inkl. moms
DKK
259.20
ekskl. moms
ISBN:
9788202759001
Sprog:
Norsk bokmål
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
192
Forlag:
Cappelen Damm akademisk
Udgivelsesdato:
03-08-2022
Udgivelsesår:
2022
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
En kort introduksjon til husmannsvesenet er den første samla vitskaplege framstillinga om husmannen og hans kår på 100 år. Boka nyanserer det generelle biletet og oppfatningane av husmannsvesenet.
Midt på 1800-talet utgjorde husmennene den nest største samfunnsgruppa i landet. Dei økonomiske levekåra og livsvilkåra deira varierte mykje. Nils Olav Østrem riv seg laus frå dei sterkt forenklande kategoriane som blei skapte for hundre år sidan, og gir i denne boka ei ny og meir mangfaldig tolking.
Husmannen var underordna gardbrukarane og jordeigarane. Som leigar av jord var han prisgitt bondepaternalisme, embetskontroll og tidvis fattighjelp. Husmannsfolk greidde likevel å arbeida seg fram som moderne menneske med kjernefamilie, gründerskap og innovasjon som delar av deira verdigrunnlag. Gjennom flittig arbeid og spesialisering på og utanfor husmannsplassane vann husmennene seg rom og integrering i lokaløkonomien.
Plass-systemet forsvann ganske umerkeleg ved at det "overlevde" gjennom overgangar til småbruk, bureising og mangearta jordbruksdrift på 1900-talet. Først med vedvarande strukturrasjonalisering innan landbruket etter 1950 står ein i våre dagar innføre valet om heilt å forlata kombinasjonsbruket og dei mange syslane og verksemdene husmannsvesenet representerte.