Skaffes
Kan leveres om 1-2 uger

Egset Susanne

Design med ord : ei innføring i innhaldsdesign og UX-skriving

DKK 536.00 inkl. moms
DKK 428.80 ekskl. moms

ISBN:
9788245037951
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
305
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
19-12-2022
Udgivelsesår:
2022
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
Utan ord har du inga nettside eller digital teneste og ingen app. Det er på tide at orda får sin rettmessige plass i design av digitale brukaropplevingar. Orda som folk brukar for å få gjort daglegdagse oppgåver, som å handle mat og betale rekningar, har flytta inn på digitale flater. Innhaldsdesign og UX-skriving tek tak i desse viktige orda frå starten av designprosessen og behandlar dei som ein del av den. Denne boka lærer deg å kombinere designmetodikk med skrivehandverket og bruke tekst og språk for å rettleie folk gjennom digitale brukargrensesnitt. Anten du er god til å skrive frå før og vil lære deg å bruke handverket ditt i design og tenesteutvikling, eller du er ein designar som vil utvide verktøykassa di og bli betre til å skrive brukarorientert: Denne boka skal sette deg i stand til å ta rolla som innhaldsdesignar frå start til slutt i ein designprosess. Susanne Egset er innhaldsdesignar i Netlife, der ho hjelper store og små verksemder med profesjonell handtering av tekst og språk. Ho har bakgrunn frå PR- og kommunikasjonsbransjen og journalistikken - og er ein ekte språkentusiast. Boka baserer seg på år med erfaringar frå innhaldsdrivne designprosessar saman med ei lang rekke store og små verksemder, bedrifter, organisasjonar og etatar.
}