Skaffes

Elven Reidar m.fl.

Norsk flora (8. utg.)

DKK 979.00 inkl. moms
DKK 783.20 ekskl. moms

ISBN:
9788252198621
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
1255
Forlag:
Samlaget
Udgivelsesdato:
25-10-2022
Udgivelsesår:
2022
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
"Norsk flora" har vore Noregs mest brukte vitskaplege flora dei siste 70 åra. Her finn ein alle dei meir enn 3500 artane av karplantar som er funne i landet, om lag 2500 av dei med identifikasjonsnøklar og omtale, opplysningar om økologi og utbreiing og kommentarar om systematikk. Norsk flora er den einaste floraen som inneheld nøklar: ein lettfatteleg steg-for-steg-metode for å kunne identifisere plantar presist. Boka dekkjer alle plantar som er funne viltveksande på fastlandet og dei arktiske øyane, både dei heimlege og dei framande plantane, og både dei som er medvite innførte, og dei som har kome utilsikta med menneskeleg aktivitet. Fleire forfattarar har vore med i arbeidet med denne utgåva. Storparten av dei artane som er omtala, er òg illustrerte. Boka inneheld om lag 3200 strekteikningar, og meir enn 400 av desse er nye for denne utgåva. Norsk flora har kome ut med ei ny utgåve om lag kvart tiande år sidan 1944 under ulike namn (Norsk flora, Norsk og svensk flora og Norsk, svensk, finsk flora). I denne 8. utgåva er det kome med meir enn 500 nye plantar som er funne eller i alle fall påviste dei siste åra. Teksten og nøklane er omarbeidde, og informasjonen om utbreiing og økologi er oppdatert slik at floraen syner dei store endringane i norsk flora dei siste 15 åra sidan førre utgåva.
}