Om det å lafte. Bd. 3 : om nyansar etter tid og stad, stav og laft, eigenskapar i tre, ordforklaringar
DKK
888.00
inkl. moms
DKK
710.40
ekskl. moms
ISBN:
9788245032789
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
206
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
25-03-2020
Udgivelsesår:
2020
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
Dette er band 3 i serien om det å lafte. Denne boka held fram med granskande blikk. Variasjonen i laft er stor. Vi står andsynes eit svært omfattande tema. I bokform er det berre eksempelvise innstikk vi kan gjera.
Kapittel 1 i denne boka tek for seg novhovud og stokkformer i tidfest tømmer her i landet. Det syner seg at det blir eit samanfall mellom dimensjonar og former i etterreformatorisk tid. Samfunnet er i endring, og det speglar seg også i former og dimensjonar i lafta hus. Kjell Andresen byggjer kapittelet sitt på arkivet til Riksantikvaren. Det omfattar eit stort materiale.
Her i landet har vi fleire parallelle prinsipp for bygging av hus av tømmer. Mellom laft, reisverk og sleppvegg har det funnest eit utal overgangsformer og kombinasjonar, til dels med heilt gradvise overgangar frå det eine til det andre. Håkon Fjågesund tek for seg denne innfallsvinkelen i kapittel 2.
Det å lafte er ein tradisjon som går langt attende, og som har spreidd seg til mange land. Har vi fellesskap i tradisjon tvers over mesteparten av Nordkalotten frå Noreg til Alaska? Det er spørsmål som blir stilt i kapittel 3.
Den som skal lafte, bør forstå og kunne lesa eigenskapar i tre og tømmer. Å kunne forstå og lesa tre er viktig for tømraren. Kvist, sprekk, hushald med fukt og varmehushaldet osb. er slikt som laftaren bør ha med seg når han tømrar. Det finst forklaringar på noko av det som gjer det godt å bu i lafta hus.
Vi har ein mangfaldig byggjeskikk, og til denne knyter det seg mange ord og seiemåtar. Kapittel 6 i denne boka freistar å fange opp viktige delar av tømrarspråket. Plugg, nagle og dumling er nesten like å sjå til, men dei fungerer ulikt. Språket hjelper oss med å forstå skilnaden. Det gjer oss i stand til å nyansere formene slik at dei fungerer som dei skal.